Regionalt miljøtilskot blir utbetalt 14. mars
Utbetalingsdatoen for regionalt miljøtilskot er flytta frå 7. mars til 14. mars. Samstundes blir tilskotsbreva tilgjengeleg i Altinn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.02.2018
Dei som får tilskot får eit vedtaksbrev (tilskotsbrev) i meldingsboksen i Altinn. Det blir sendt ut SMS og/eller e-post om at breva er tilgjengeleg. Vi oppmodar alle om å lese tilskotsbrevet for å sjå om utbetalinga er rett. Fristen for å klage på vedtaket er tre veker etter at tilskotsbrevet er tilgjengeleg i Altinn.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66