Regionalt miljøtilskot: Spreiefrist for husdyrgjødsel er 10. august

Miljøvenleg gjødselspreiing
Miljøvenleg gjødselspreiing Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Dei som skal søkje regionalt miljøtilskot for miljøvenleg gjødselspreiing må spreie husdyrgjødsla før 10. august på areal dei søkjer tilskot til. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.08.2021

Det er nokre veker før den ordinære spreiefristen 1. september, og fristen sett for å minske tap av næringsstoff til nærliggande vassdrag. Nytt i år er at alle bøndene i Rogaland som gjødslar med miljøvenleg spreieteknikk kan søkje regionalt miljøtilskot. Tidlegare gjaldt tilskotet berre på Haugalandet og på Jæren. 

Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing er ei av dei mange ordningane i Regionalt miljøprogram i Rogaland som skal stimulere til frivillige miljøtiltak i jordbruket. Søknadsfristen er 15. oktober.   

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.