Søk om regionalt miljøtilskot i 2014
Søknadsmateriell for søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram i 2014 er no klart. Merk at det i år ikkje vil bli sendt ut papirsøknadar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søkjar må anten levere søknad på Internett, eller skrive ut papirsøknad og levere søknaden til kommunen. Frist for å søkje er som tidlegare 1. oktober. Frå 1. august kan du levere søknaden din på Internett via Altinn. Sjå www.slf.dep.no.
Dei fleste tiltaka skal teiknast inn i kart. Søkte du i 2013 vil du kunne hente inn karta frå 2013 slik som kommunen godkjende dei. Er det ingen endringar er det difor ikkje nødvendig å teikne inn tiltaka på nytt. Fleire av ordningane gjeld berre bestemte geografiske område. På www.temakart-rogaland.no vil du kunne sjå avgrensingane.
Det er gjort nokre endringar i Regionalt miljøprogram i 2014 samanlikna med 2013. Nokre av endringane er:
- Endringar i førebelse tilskotssatsar
- Tilskot til utegangarsau er tatt bort
- Det er innført krav til at plan for skjøtsel av kystlynghei og naturbeitemark skal vere kvalitetssikra av eigna faginstans
- Endringar i tilskot til kulturminne