Vil sjå nærare på avrenning frå vask av fjørfehus
I arbeidet med vassforskrifta og oppfølging av Regional plan for vannforvaltning har det dukka opp spørsmål om vask av fjørfehus kan påverke vassdraga. No vil Fylkesmannen få meir kunnskap om temaet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
NIBIO har fått regionale klima- og miljøtiltaksmidlar i Rogaland for å sjå nærare på avrenning frå vask av fjørfehus. NIBIO samarbeider med Klepp kommune og Fylkesmannen i Rogaland om prosjektet.
Forprosjektet skal få fram kva som er vanlege vaskerutinar og løysningar for vaskevatn i dag og kartlegge kva som er vanleg praksis i resten av landet og i andre nordiske land. Dersom vi vurderer skadepotensialet til å vere omfattande, så vil det bli skissert eit hovudprosjekt med overvaking og utprøving av tiltak.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66