Gode nyhende om jordbrukskanalane på Jæren
Forskarar frå NIBIO og Faun naturforvaltning har undersøkt stoda i jordbrukskanalar på Jæren. Dei er positivt overraska over kor godt det står til med økologien trass steinsetting og utretting.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I undersøkinga fann dei mellom anna laks, ørret, ål og stingsild. Einskilde av dei biologiske parameterane dei såg på var på grensa til å ha "god økologisk tilstand" etter miljøkvalitetsstandardane i vassforskrifta. Forskarane meiner òg at mindre tiltak som til dømes utlegging av stein i botn og etablering av kantvegetasjon vil gjere kanalane endå betre for dyr og plantar.
Sterkt modifiserte vassførekomstar
Dei undersøkte kanalane er såkalla "sterkt modifiserte vassførekomstar", vassdrag med store fysiske inngrep der måla i vannforskriften om god økologisk tilstand ikkje er mogleg å oppnå fullt ut utan å reversere dei menneskelege inngrepa. I tillegg renn kanalane igjennom intensive jordbruksområde. Det er difor ekstra gledeleg å sjå dei gode resultata. Undersøkinga kjem til å bli brukt i den vidare oppfølginga av vassforskrifta, og arbeidet med å få betre tilstand i vassdraga i Rogaland
Regionalt samarbeid
Prosjektet blei støtta økonomisk av Landbruksdirektoratet, og både Fylkesmannen i Rogaland, Frivillige tiltak i landbruket og Rogaland fylkeskommune har hjelpt til. I artikkelen på nibio.no om Liv laga i jordbrukskanaler på Jæren kan de lese meir om undersøkinga
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66