Landbruksdirektoratet lyser ut 17,2 mill. kroner til klima- og miljøprosjekt
Organisasjonar, forskingsinstitutt og føretak kan innan 15. september søke Landbruksdirektoratet om støtte frå Klima- og miljøprogrammet i landbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.07.2021
Programmet støttar praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som bidreg til å nå mål i landbrukspolitikken på fem temaområde innan klima og miljø:
- Klimatilpassing
- Klimagassutslepp
- Jord
- Naturmangfald og kulturverdiar i kulturlandskapet
- Forureining til vatn, jord og luft
Vi oppmodar aktørarar i Rogaland til å gjere seg kjende med utlysinga og vurdere om dei har aktuelle satsingar.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66