Miljøavtalar for betre vasskvalitet
Mindre næringsavrenning og optimal bruk av gjødsel er målet når bønder kring fem utvalde vassdrag no blir tilbydd å teikne ”miljøavtale”.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljøavtalen er frivillig og teiknast av landbruksføretaka og landbruksforvaltninga i kommunen. Oppfylt avtale gir rett til å søkje tilskot frå Regionalt miljøprogram. Satsen er 60 kroner per dekar for dei som er inni sine tre første år med miljøavtale. Føretaka i Skas Heigre som no er i sitt fjerde år med miljøavtale blir tilbydd 50 kr per dekar.
Gjennom avtalen forpliktar føretaka seg til å halde ein ugjødsla randsone mot vassdraga. Dei må også passe på kor mykje fosfor det blir gjødsla med gjennom bruk av både mineralgjødsel og husdyrgjødsel. Tabell 1. viser øvre grense for bruk av fosfor om fosformengda i jorda, P- Al, er over 7. Fosfornivåa er utarbeidd i samarbeid med landbruksrådgjevinga, og skal under normale høve ikkje føre til redusert avlingsnivå. Dei som driv med potet, korn, grønsaker må vurdere om det er ”punktkilder” der dyrkningsjorda kan renne rett ned i drenssystemet. Tap av jord via drenssystemet eller direkte til vassdraga er generelt ein viktig kjelde til tap av fosfor.
Kultur | Øvre grense for bruk av fosfor |
Gras | 3,0 kg. P/daa |
Korn u/halmfjerning | 1,4 kg. P/daa |
Korn m/halmfjerning | 2,0 kg. P/daa |
Potet | 3,5 kg. P/daa |
Kål | 2,1 kg. P/daa |
Gulrot | 3,5 kg. P/daa |
Tabell 1. Oversikt over øvre grense for bruk av fosfor til ulike vekstkulturar viss jorda sin fosforstatus, P-Al er over 7.
Miljøavtale blir tilbydd i nedslagsfeltet til følgjande vassdrag:
Skas Heigre, starta opp i 2010
Vatsvassdraget, starta opp i 2012
Hålandsvatnet, ny i 2013
Timebekken, ny i 2013
Varhaugselvane, ny i 2013
Føretaka i området har fått tilsendt avtale, og det er haldt informasjonsmøte i alle områda. Spørsmål om miljøavtalane kan rettast til prosjektleierane for ”Frivillige tiltak i landbruket” Olav R. Husveg: mobil 416 90 317, Olaf Gjedrem: mobil, 930 63 697, Monica Dahlmo hos Fylkesmannen: telefon 51 56 89 66 eller landbruksforvaltninga i kommunane.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66