Ny rettleiar til regelverk om plantevernmiddel
Mattilsynet har utarbeida ein ny rettleiar som gir oversikt over viktige krav som gjeld for dei som brukar plantevernmiddel, og for dei som produserar, importerar eller sel plantevernmiddel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nytt regelverk om plantevernmiddel tredde i kraft 1. juni 2015. I rettleiaren svarer Mattsilsynet på mange av dei mest vanlege spørsmåla omkring autorisasjonsbevis, funksjonstest av spreieutstyr, bruk og oppbevaring av plantevernmiddel.
Nye krav til føring av plantevernjournal
Med ny forskrift kom nye krav til føring av plantevernjournal;
- Krav til sprøytejournal
- Krav til journal om vern av vassmiljø
- Krav til journal om integrert plantevern
Det er den som utfører sprøytinga som skal føre journalen. Leiger eit landbruksføretak inn entrepenørar som gjer jobben med sprøytinga, så er det entrepenøren som skal føre plantevernjournalen. Landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot skal ha journalen tilgjengeleg på garden, og må vere budd på å vise den fram ved kontroll av produksjonstilskot. Journalen skal oppbevarast i minst tre år.
Informasjon om kva journalen skal innehalde finn de i rettleiaren
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78