Rogaland sine to kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021
Norsk Kulturarv har i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet invitert alle fylka til finna verdige kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fire gode kandidatar i Rogaland ble nominert til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen i 2021:
- Kringsjås venner som har i en årrekke arbeidet med å gjenopne det gamle kulturlandskapet på Kringsjå aust for Steinsfjellet i Haugesund.
- Per Johan Lyse i Tysvær som skjøttar 80 styvingstrær bratt terreng innanfor Nordåker naturreservat.
- Ove Stumo for hans iherdige innsats på brenning og skjøtsel av kystlynghei på Haugalandet.
- Foreningen for stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal og Tom Kenneth Gilje. På dugnad attreiser dei stølsbygg og høyløer samt ryddar gamle tuftar, stiar og trakk for skog og kratt for å hindre attgroing.
Landbruksforvaltninga i kommunane og tilsette hjå Statsforvaltaren bidrog i stemmegivinga. To kandidatane sto att med like tal stemmer. Statsforvaltaren såg at begge desse var verdige kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen 2021. Rogaland sine to utvalde kandidatar i 2021 er:
Ove Stumo (og Lyngbrannreserven på Haugalandet)
Foreningen for stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal og Tom Kenneth Gilje
Den nasjonale juryen som står for kåringa av årets pris er:
- Olaug Bollestad, Landbruks- og matminister - Juryleiar
- Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
- Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
- Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
- Hanna Geiran, riksantikvar
- Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv
Vi håper at ein av Rogaland sine kandidatar vinn denne gjeve prisen.