Sett av ei Vipestripe med Regionalt miljøtilskot
I 2020 blir det mogleg for alle landbruksføretak i Rogaland å søke på Regionalt miljøprogram sitt Vipetilskot. Det blir gitt tilskot til å sette av ei pløgd sone dyrka mark til hekking for vipene i intervallet 10. mars til 1. juni. Dei interesserte må melde ifrå til kommunen før 15. oktober i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hausten har kome for fullt med kaldt og surt vær. Vi kan alle lengte etter vårsola som varmar og vipa som kommer seilande over markene. Våren er enda langt unna, men tida for å planlegge for den nye våren er alt i gang.
Den kjære vipefuglen som mange har eit nært forhold til, blir stadig pressa for areal og treng hjelp frå bonden. Om du vil vere med på å tilretteleggje for at den trua vipa på ditt bruk kan du i 2020 søke om Regionalt miljøtilskot for å sette av ei Vipestripe. I 2019 var denne ordninga kun tilgjengeleg for Time kommune, men i 2020 blir ordninga utvida til heile fylket. Bønder som ønsker å vere med må ta kontakt med landbrukskontoret i sin kommune, og uforpliktande melde sin interesse innan 15.oktober. Det er lurt å vere ute i god tid med planlegging.
Vipestipa skal vere pløgd før 10.mars og ligge i tilknyting til innmarksbeite. Den skal ligge urørt fram til 1.juni. Det må vere minst 2 dekar samanhengande område i ei Vipestripe. Det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar.