Treng du finansiering av gode vipe-tiltak på eigen gard?
Nå springer det forhåpentlegvis rundt vipeungar på mange gardsbruk i Rogaland. Vi trur og håper det blir tatt omsyn i slåtten og i anna arbeid. Dersom du som gardbrukar ser det er tiltak som kan gjerast og som krev litt ekstra, så kan du ta kontakt med oss angåande finansiering.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi har nemleg fått litt ekstra midlar til vipetiltak. Sjølv om det ikkje er dei store summane det er snakk om, så må vi bruke dei målretta. Tiltaka kan til dømes vere:
- Støtte til ekstra omsyn i slått/utsett slått
- Ekstra omsyn i potet- og grønsaksproduksjon.
- Støtte til gitter for å legge over reir (med tanke på hekkesesongen 2021)
Vi stoler på at de som gardbrukarar er dei beste til å sjå kva som kan gjerast på eigen gard, så ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat. NB! Finansiering må avklarast på forhand, det vil seie FØR tiltaket blir gjort. Vi treng å vite kva som kan gjerast, kor og når det skal gjennomførast, kva det kostar og kor mykje tilskot du søkjer om. Søknaden sender du på e-post.
Andre tiltak
Med sin karakteristiske fjærtopp på hodet er vipa ein velkjent og kjær fugl. Tidlegare var vipa ein vanleg fugl i jordbrukslandskapet. Ho har nå dessverre status som kritisk trua art på grunn av ein sterk tilbakegang dei siste 15 åra. Gjennomsnittleg årleg bestandsnedgang er på 4,4 prosent. Vi hos Fylkesmannen har i det siste arbeidd med fleire vipetiltak. Vi kan nemne:
- Vipestriper i Regionalt miljøprogram for å legge til rette for hekking.
- «Vipediskar» for å dekke reir under gjødselkøyring med slepeslangar.
- Informasjonsmøte om vipe.
- «Midtsidevipe» i Bondevennen.
- Finansiering av droneprosjekt for å sjå om droner kan nyttast for å finne reir.
- Fremme samarbeid mellom grunneigarar og jegarar om jakt og fangst av predatorar.
Dei midlane vi nå snakkar om er altså støtte til enkelttiltak på eigen gard.