Bli med på produsentkurs

Bondens Marked arrangerer kurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund. Her vil du få gode, praktiske tips om vare- og kundekommunikasjon, prissetting av varer og praktiske utfordringar på marknader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2018

Bondens marked jobbar med å etablere eit fast tilbod i Rogaland. Første marknaden blei gjennomført på hausten i fjor og det er sett opp to nye marknader i 2018, i tillegg til kurs for interesserte produsentar.

Er du interessert i kurs og marknader, så ta kontakt med Anita Natvik:

anita@bondensmarked.no, 98 84 94 55

Produsentkurs

Egner seg både for deg som er heilt ny, og deg som har litt erfaring med direktesal.
Kursa er gratis.

Marknader

Det blir Bondens marked 6. juni i samband med Siddisdagene i Stavanger, og 16. september i samband med Miljødagen i Stavanger. Her finn du Invitasjon til marknadene. 

Kvifor Bondens marked

Gjennom direktesal på Bondens marked kan fleire bønder styrke inntektsgrunnlaget på garden, samtidig som norske forbrukarar blir introdusert for eit større produktmangfald. Det har ført til at mange bønder nå satsar på småskalaproduksjon, både av gammel tradisjonskost og innovative mat- og drikkeprodukt. Ved å kutte ut mellomledda, sit bonden igjen med ein større del av verdiskapinga, og forbrukarane kan få spesialprodukt til ein rimelegare pris enn om maten skulle vore innom mange ledd i matvarekjeden.

Ta gjerne ein titt i Bondens marked si handbok for produsentar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.