BU-prisen 2017

Veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Dei kan vere med i konkurransen om BU-prisen der vinnaren får heile 300 000 kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2017

Først litt om BU-prisen

Innovasjon Norge Rogaland og Fylkesmannen si landbruksavdeling deler kvart år ut denne næringslivsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket. Vi snakkar her om landbruksnæring i vid forstand. Prisen består av eit diplom og prispengar på kr 50.000. Fylkesvinnarane skal i neste omgang ut og kjempe om den nasjonale BU-prisen og ytterlegare kr 250.000 kroner. Den nasjonale prisen blir delt ut i Berlin 18. januar 2018.

Har du tips?

Vi vil gjerne få inn forslag på mange kandidatar – og blir ekstra glade om du sender inn dine tips innan søndag 20. august.

Send tips til: Aart-Dirk.van.Zanten.Magnussen@innovasjonnorge.no

Elementer som nyskaping, økonomiske resultat, sosial og miljømessig berekraft og sysselsetting er viktige i vurdering av fylkesvinnaren! 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.