Fylkesmannen er for juletre

Handlingsplan mot framande skadelege artar i Rogaland er ikkje til hinder for aktiv og profesjonell skog- og juletreproduksjon. Planen skal hindre uønska spreiing av innførte artar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2012

Fylkesmannen har mottatt fleire reaksjonar frå næringsorganisasjonar, kommunar og andre som har oppfatta innhaldet i denne handlingsplanen som eit hinder for vidare bruk av kjende treslag med høg økonomisk verdi i aktiv skog- og juletreproduksjon i fylket vårt. Fylkesmannen vil svare direkte på desse skriftlege reaksjonane.

Me vil også med dette gjere det klart at handlingsplanen ikkje hindrar offensiv satsing på desse produksjonane i tråd med nasjonale landbruks- og klimapolitiske føringar. Fylkesmannen vil følgje opp handlingsplan mot framande og skadelege artar med ein eigen og meir avklart strategi i forhold til skogbruk. Ny forskrift om framande treslag som er under slutthandsaming sentralt, vil vere viktig og avklarande for dette.

Juletreproduksjon
Satsinga på juletreproduksjon har gitt svært gode verdiskapingsresultat i fylket vårt, med stor produksjonsauke, produkt av svært god kvalitet og rasjonelle omsetnadskanalar. Det er plass til fleire nye produsentar, og Fylkesmannen har i sitt tildelingsbrev til Innovasjon Norge Rogaland for forvalting av dei tildelte bedriftsretta bygdeutviklingsmidlane for 2012 lagt til rette for økonomisk stimulering av nyetablerarar. Fylkesmannen legg då til grunn at nye felt i størst mogeleg grad blir etablert utanom dyrka areal og areal av stor verdi for kulturlandskap og biologisk mangfald. Vidare er det ein føresetnad at felta blir rydda for attverande tre etter kvart produksjonsomløp for å hindre uønska spreiing. Produksjon av juletre er med desse føresetnadane ein svært liten trussel mot biologisk mangfald.

Tradisjonelt skogbruk
Vanleg gran er eit godt eigna og viktig produksjonstre i Rogaland, og det skal også i framtida nyttast i stor grad i aktiv skogbruksproduksjon. Forynginga på dei mest produktive skogareala er for tida ikkje i balanse med avverkinga, og granskogen i fylket vårt blir overavverka.

Fylkesmannen bad i brev til kommunane dagsett 30.09.2010 om at arbeidet med forynging med kvalitetsskog etter hogst blir følgt opp i tråd med brev til alle fylkesmennene frå landbruks- og matministeren i juli same året. Dette oppdraget står framleis ved lag. I forhold til spreiing av norsk gran er utfordringane knytt til nokre få område med særlege botaniske verdiar, som ikkje er til hinder for å vidareutvikle eit bærekraftig og moderne skogbruk i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.