«Garden som ressurs – marknaden som mål»

5. juni kom Landbruks- og matdepartementet si Stortingsmelding «Garden som ressurs – marknaden som mål».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2015

Denne meldinga handlar om korleis potensialet for auka verdiskaping innan dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk kan utløysast; menneskelege ressursar og skaparlyst er avgjerande.

Ut ifrå regjeringa si politiske plattform bør det satsast på alternativ næringsutvikling for å gje grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. I tillegg til å dekkje ein etterspurnad i marknaden, bidrar desse næringane positivt til å synleggjere landbruket sin samfunnsmessige verdi, og til å skape interesse for kva landbruket kan tilby.

Regjeringa understreker innleiingsvis at det er ei gjensidig binding mellom det tradisjonelle landbruket og andre næringar basert på landbruket sine ressursar. Det som kjenneteiknar mange landbruksbaserte bedrifter som vil utvikle noko nytt med utgangspunkt i landbrukseigedomen, er at dei har tradisjonell landbruksdrift i botn.

Det skal leggjast til rette for at næringsutøvarar i landbruket skal kunne utnytte det totale ressursgrunnlaget til eigedomen. Utvikling av eksisterande landbruksbaserte næringar samt nye produkt og tilbod skal kunne føre til auke verdiskaping og stabile arbeidsplassar på garden.

Gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø i landbruket skal stimulerast. Dette skal skje gjennom verkemiddelbruk, kompetanseutvikling og ved å spreie kunnskap frå forskingsmiljø tilbake til næringa. Omdømmebygging og ei mentorordning skal styrke rekrutteringa til næringa.

Mat og Drikke
Regjeringa har ein ambisjon om å tredoble omsetnaden av lokal mat og drikke gjennom daglegvarehandelen til kr 10 mrd. innan 2025. For å lette marknadstilgangen for produsentar skal det opprettast ein database for lokalmatprodukt og det skal arrangerast ein årlig møteplass der produsentar møter daglegvarehandel, hotell, restaurant og catering.

Merkeordningane Spesialitet og Beskytta nemningar (Matmerk) skal brukast meir målretta som flaggskip i arbeidet med å byggje sterke matregionar. For å hjelpe dei som er interessert i å starta opp med småskala-/ gardsslakteri eller nedskjæringsanlegg skal det utarbeidast rettleiingsmateriell for å hjelpa dei på veg.

Landbruks- og utmarksbasert reiseliv
Det er foreslåttå forenkle regelverk rundt løyve, tilsyn, rapportering og skilting for å gjere det enklare for produsentar å drive med reiseliv. Villaks, jakt samt utmarksbasert reiseliv er nemnt som døme på auka verdiskaping.

Inn på Tunet
Meldinga understrekar potensialet som ligg i Inn på Tunet, både for tilbydarar og kjøparar av desse velferdstenestene. Regjeringa ønskjer å ha ei aktiv rolle i dette gjennom koordinering, synleggjøring og forbetring av tenestene.

Landbruket som energileverandør
Satsinga på bioenergi skal vidareførast gjennom blant anna Bioenergiprogrammet. Auka verdiskaping for enkelte produsentar kan oppnåast ved produksjon og sal av bioenergi basert på eigne skogressursar.

Juletreproduksjon
Med gode avsetningsmoglegheiter i både inn- og utlandet har juletreproduksjonen i Noreg et stort potensial. Regjeringa vil leggje til rette for meir føreseielege vilkår og auka fleksibilitet i bruk av landbruksareal til juletreproduksjon. Ein forenkla sakshandsaminga for bruk av utanlandske treslag til juletreproduksjon skal òg vurderast.

I meldinga blir også ansvarsdelinga og rollene til dei ulike aktørane i verkemiddelapparatet for landbruksbasert næringsutvikling tydeleggjort. Her blir det understrekt at det er viktig med god samhandling mellom dei ulike offentlege aktørane for å sikre ei effektiv og brukarvennleg forvalting.

Les heile meldinga på nettsida til Landbruks- og matdepartementet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.