Humør, energi og aktuell kunnskap

Dei 15 nyetablerarane frå Strand, Hjelmeland, Forsand og Finnøy fekk ei god innføring i det å starte eiga bedrift på introduksjonskurset på Jørpeland 6. november 2014. Den viktigaste drivkrafta er personen bak etableringa av verksemda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.11.2014

Einar Vaardal Lunde var føredragshaldar for nyetablerarane. Kurset hadde fokus på oppstart av bedrift, forretningsidé, enkel forretningsplan, kunnskap og kompetanse, samt val av selskapsform. Personen bak etableringa betyr det aller meste. Du må vere open for nye idear, nysgjerrig, uthaldande og svolten nok for å starte ei verksemd. Ein dyktig person kan få lønsemd i ein halvgod forretningsidé. Forretningsideen skal seie noko om kva for kundar du har og kva trong kundane har. Kurshaldaren hadde humør og energi og var flink til å forklare.

15 etablerarar hadde tankar om å starte eiga verksemd som dyrebutikk, anleggsmaskiner, gardsbruk, mulitimediateneste, brønnboring, tatovering, kokk, skogbruk, byggefirma og arkitektkontor. Val av selskapsform, forskjellen mellom aksjeselskap og einskildpersonføretak var for fleire svært nyttig informasjon. Aksjeselskap har i dag ein minste aksjekapital inklusiv stiftingskostnader på kr 30 000. Ei av årsakene til at aksjekapitalen vart redusert frå kr 100 000 til kr 30000 i 2012 var å kvitte seg med NUF-selskapa (norskregistrerte utanlandske selskap). Samstundes vart revisorplikta for aksjeselskap med ein omsetnad under 5 millionar kroner avskaffa.

Introduksjonskurset vart arrangert av Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Scana og Skape.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.