Interessa for gamle storferasar er stigande
Kokkane meiner at kjøt frå dei gamle storferasane er fullt på høgde med det berømte Kobe-kjøtet viss ein behandlar det riktig. Kjøtet har tynnare muskelfibre og meir intramuskulært fett enn ordinære storferasar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Urfe SA, Nortura og Fylkesmannen arbeider saman om å auke omfanget av dei gamle storferasane. Første samling for bøndene var 26. mai på Bryne og nå jobbar vi med å få til ei fellessamling for bønder på Vestlandet i slutten av oktober på Stord.
På samlinga i mai orienterte Nina Sæther frå Norsk Genressurssenteret hos Norsk institutt for bioøkonomi om utviklinga og status for dei gamle storferasane. I Noreg har vi seks bevaringsverdige storferasar, og dei seks er Telemarksfe, sida trønderfe og nordlandsfe, vestlandsk fjordfe, austlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og dølafe.
Tal frå 2017 viser at det er totalt 3583 avlskyr av bevaringsverdige storfe, sjå figur. 144 (4%) av desse finn vi i Rogaland. Vestlandsk raudkolle er faktisk den mest trua rasen. Berre 155 avlshodyr på landsplan i 2017, så her må noko gjerast. Interesseorganisasjonen Urfe SA, Nortura og vi ønsker nå å tilby fagsamlingar og andre former for kompetanseheving for bøndene.