Invester i landbruket – møte med Innovasjon Norge
Møteserien Innovasjon Norge hadde i fjor for bønder var så vellukka at det vert nye møte i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målgruppaer først og fremst bønder som tenkjer å sende inn ein søknad til Innovasjon Norge til neste år eller seinare, men også landbruksforvaltninga og aktuelle rådgjevarar som lagar planar for bøndene er velkomne.
- Prioriteringar, korleis vert søknader vurdert og kva er viktig å få fram i søknaden.
- Søknadsprosessen sett frå ein rådgjevar. Korleis vert ein driftsplan laga og kva legg ein inn.
- Erfaring frå eit mjølkekufjos som er bygd med finansiering frå Innovasjon Norge.
Etter møtet er det mogleg å få korte møte med rådgjevarane frå Innovasjon Norge.
For å kunne treffe flest mogleg, er det satt opp følgande møteplan:
6. november kl. 19:00-22:00: Suldal Vekst Næringshage, Sand
7. november kl. 12:00-15:00: Formannskapssalen, Ølen
13. november kl. 19:00-22:00: Høiland Gard, Årdal
20. november kl. 19:00-22:00: Landbrukssenteret, Helleland
29: november kl. 12:00-15:00: Veksthusloftet Særheim, Klepp
Frå Innovasjon Norge vil både Aart Magnussen og Olav Tegle vere med på møta.
Påmelding til olav.tegle@innovasjonnorge.no innan dagen før møtet blir arrangert.
For meir informasjon, sjekk Innovasjon Norge sine heimesider.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13