Invitasjon til nettverksmøte om landbruk

Korleis kan vi med FNs berekraftsmål i bakhovudet, hjelpe bygdefolket til å bli meir innovative og nyskapande, samt sikre auka verdiskaping frå landbruket? Spørsmålet blir stilt av kommunane Tysvær og Vindafjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2019

Under Nyskapingsuka vil dei to kommunane kalle saman til eit nettverksmøte 31. oktober kl 10 -14 på Tysværtunet i Aksdal. Dei ønsker å få til ein dialog rundt det å tenke nytt innanfor landbruket. Landbruket er stadig i omstilling, rekruttering er ei utfordring og ein må tenke alternativt og smartare.

Møt opp og ta gjerne med ein samarbeidspartnar eller nabo!

Arrangementet er gratis, men på grunn av servering av mat er det påmelding.

 

Arrangørar er kommunane Tysvær og Vindafjord, saman med Validè Haugesundregionen, Norsk landbruksrådgiving, Tveit regnskap og VRI Rogaland

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.