Kva er ein god 4H- klubbrådgjevar?
Denne helga, 3.-5. januar var over 70 klubbrådgjevarar frå heile fylket samla til inspirasjon, debatt og ny kunnskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
-Det er viktig at dei vaksne i klubbane får påfyll av idear og ny kunnskap, samt utveksle erfaringar, seier 4H-instruktør, Katrine Sægrov. Denne helga arrangerte 4H Rogaland klubbrådgjevarsamling på Ryfylke fjordhotell på Sand.
-Tilbakemeldingane er svært gode. Deltakarane har fått tid til å bli kjent med kvarandre, samt fordøye både god mat og ein heil haug med informasjon, smiler Katrine.
Etter presentasjon av både deltakarar og arrangør, var det allereie tid for debatt: "kva er ein god klubbrådgjevar?" Programleiarane og styremedlemmane, Simon Stødle (18) og Maria Fjeldheim (17), innleidde debatten ved å fortelje om sine erfaringar.
Laurdagen kunne deltakarane velje mellom kursa: 1. Informasjonsarbeid i klubben (Toyni Tobekk), 2. Sceneshow i klubben (Elisabeth Bjørkhaug), 3. Lage bål (John Ragnvald Ness) og 4. Volleyball (Arvid frå ToppVolley Norge). Slitne, men svært nøgde deltakarar. Nokre lukta bål, mens andre var litt bekymra for stive musklar neste dag...
Før avreise søndag fekk klubbrådgjevarane mellom anna meir kjennskap til det pedagogiske verktøyet Aball1. Eit spennande verktøy med uendeleg mange bruksområder.
-Det er spesielt kjekt å sjå viljen og evna til samarbeid og utvikling, fortel Synnøve Jørgensen, 4H konsulent i Rogaland. Ho er imponert over kor lærelystne og nysgjerrige klubbrådgjevarane er både personleg og klubbvis.
Her kan du sjå bilete frå samlinga