Kven skal få Bygdeutviklingsprisen 2015 i Rogaland?
Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge deler ut kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra ein vinnar for kvart fylke som får 50 000 kr. Vinnaren går vidare til den nasjonale konkurransen, der prisen er på 250 000 kr. Frist for å melde inn kandidatar er 17.august.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I fjor fekk Hanasand Gard og Kjøkken og Hanasand Gard og Gartneri ved Monica og Stig Jakob Hanasand Bygdeutviklingsprisen i Rogaland. Året før fekk Svein Narve Veshovda prisen for Veshovda gjerdesystem.
Kven skal få den i år?
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner. Planen er at prisen skal delast ut i Berlin januar 2016 under Grüne Woche.
Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
- Nyskaping/originalitet
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
- Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.
Vinnarar i Rogaland 2004-2014
2014 Hanasand Gard og Gartneri og Hanasand Gård & Kjøkken- Monica og Stig Jakob Hanasand
2013 Veshovda Gjerdesystem - Svein Narve Veshovda
2012 Lauvsnes Gartneri - Jan Terje Vignes
2011 Voll Ysteri – Hans Voll og Hild Arna Bjånes Voll
2010 Haugen Gard – Kari Synnøve Velde Haugen og Jan Idar Haugen
2009 Suldal Sportsfiske – Jone og Kari Mo
2008 Iskremgarden – Ole Morten og Grete W. Høyland
2007 Vikedal Gardsmat – Tor Åge Hundstveit
2006 Soma gard – Bjarne Bærheim
2005 Høiland Gard – Synnøve Byberg Vadla og Sigmund Vadla
2004 Søya Gardsutsal og lausdriftsfjøs – Anne Karin og Magnus Søyland
Nasjonale vinnarar 2004-2014
2014 Rørosmat, Sør Trøndelag
2013 Moer gård og Norwegian Antibodies AS, Akershus
2012 Hillestad gard, Aust Agder
2011 Haaheim Gaard, Hordaland
2010 Bakeriet i Lom, Oppland
2009 Edel Design AS, Hedmark
2008 Ingrid Lekve og Jon Karlsen, Hedmark
2007 Lofotlam, Nordland
2006 Norsk matraps, Østfold
2005 Den Gylne Omvei, Nord Trøndelag
2004 Line Bergsund og Trond Andersen, Buskerud