Marknaden etterspør frukt og bær i tunnel

Frukt- og bærprodusentar og andre i Rogaland bør vurdere å dyrke frukt og bær i tunnel. Marknaden etterspør både morellar, jordbær, bringebær og andre bærsortar. Ønskjer du å få vite meir kan du bli med på eit inspirasjonsmøte på Fruktpakkeriet i Årdal 7. mars kl 1900.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2018

Etterkvart har det kome fleire nye epleprodusentar i Rogaland, og det er 4-5 som planlegg å dyrke morellar i tunnel. Marknaden ettterspør endå meir frukt og bær i tunnel enn det som vert planlagt. Også lokalproduserte grønsaker er interessant i følgje Bama. På dette inspirasjonsmøtet i Årdal er det frukt og bær i tunnel som er i fokus.

Tid: 7.mars 2018 kl 19-21

Stad: Ryfylke Frukt SA, Svadbergvegen 54, 4137 Årdal

Program

 

BAMA ønsker meir frukt og bær i tunnel Øystein T. Kleppa
 Kan pakkeriet i Årdal ta i mot meir frukt og bær? Svein Hia, Ryfylke Frukt SA
Morellar i tunnel Geirmund Helgøy, Helgøyfrukt
Finansiering av frukt og bærfelt Olav Tegle, Innovasjon Norge

Inga påmelding eller deltakaravgift.

For meir informasjon kontakt Kari Sand, e-post: kari.sand@strand.kommune.no mobil: 950 31 190

Møtet blir arrangert av Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Rogaland Frukt og Bærdyrkarlag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.