Mat og fornybar energi på dagsorden
Har du ein idè eller du vil vere med å oppdage framtida? Bli med på kick-off-konferansen for «Nye muligheter» 3. september.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verda er i endring og det krev at næringslivet må tilpasse seg endringane på ein berekraftig måte. Næringsforeningen i Stavangerregionen, iPark og Innovasjon Norge jaktar nye idear, produkt og metodar. Dei ser regionen har potensialet for auka sysselsetting og vekst i dei fire næringane; mat, helse, IT og fornybar energi. Dette er ein unik sjanse for landbruksnæringa å vere med å påverke og forme framtida. Konferansen vil bli følgt opp med fleire arbeidsmøte utover hausten (workshops).
Kick-off-konferansen blir arrangert 3. september kl 14:00 – 20:00 på 2020park, Forusparken 2. Påmeldingsfrist er 2. september.
Les meir på Næringsforeningen sine nettsider.