MatSmiå 2018 - bli med på kurs med Renaa
Stjernekokken Sven Erik Renaa vil ha meir lokalmat på menyen! På Matsmiå vil han og fleire andre kokkar inspirere og lære frå seg alt dei kan om foredling og bruk av norske råvarer. Matsmiå går av stabelen på Bryne 6. – 7. mars, og nå er programmet klart.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vel mellom fem kurs
På Matsmiå vil du få høyre fire inspirasjonsforedrag, og du kan velje mellom fem kurs;
- Søt bakst
- Pølser- ferske og speket
- Melk som inspirasjonskilde
- Sikens mysterier
- Smaksverksted - lokal mat som bærekraftig konsept.
Her kan laste ned programmet for Matsmiå
Ønske om fleire lokalmatprodusentar
Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; matprodusentar, foredlingsverksemder, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat og andre interesserte.
Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, kompetanseheving og nettverksbygging mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.
Matsmiå er eit samarbeid mellom Kompetansenettverket Sør, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge og Bryne vgs/Rogaland fylkeskommune. For påmelding – sjå lenkjer i programmet.