Stor interesse for "Mat og eldre"

Programmet er spekket med gode, faglege innlegg, og det er stas at statsrådane Olaug Bollestad og Sylvi Listhaug har meldt at dei kjem. Eit meir aldersvenleg Noreg er noko som begge to er særs oppteken av.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2019

Påmeldingane strøymer på. Har du tenkt å melde deg på seminaret, så bør du raske på.

Inspirasjonsdagen skal bidra til å styrke forståinga av kva god mat og måltidsglede har å seie for helse og trivsel hos eldre, og inspirere kommunetilsette til å sjå samanhengar mellom innkjøp av mat, kosthald og matglede.

Inspirasjonsdagen er gratis for alle. Dei som arbeidar med matfag, eller har pleieoppgåver i institusjonar og i heimetenesta, blir oppfordra spesielt til å melde seg på.

Tid: Måndag 3. juni, kl. 10.00–16.00.
Stad: Universitetet i Stavanger, Ellen og Axel Lunds hus, H127, Kjell Arholms gate 39, 4021 Stavanger.


Påmelding og program. Påmeldingsfrist er 25. mai 2019

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet.

Stortingsmeldinga Leve hele livet har som mål å skape eit meir aldersvenleg Noreg. Kvalitetsreforma skal finne nye løysningar på utfordringar knytt til mat og måltid, aktivitet, helsehjelp og samanheng og overgangar i tenestene. Mat for eldre blir også inkludert i arbeidet med å utvikle Matnasjonen Norge.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.