Satsar på næringsutvikling i utvalde kulturlandskap
Hanasand Gård & Kjøkken bidreg til næringsutvikling i dei utvalde kulturlandskapa i Rogaland. I 2014 blei dei, som eit ledd i satsinga på næringsutvikling, med i satsinga på utvalde kulturlandskapet på Rennesøy.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stig Jakob Hanasand overtok i 2001 store delar av heimgarden Hanasand. I mai 2009 opna han og kona Monica, Hanasand Gårdsutsalg. I samband med at dei satsa på ein kafé og fekk ny profil i 2013, blei namnet endra til «Hanasand Gård & Kjøkken».
Satsar på lokal mat
Hanasand Gård & Kjøkken ligg i eit flott kulturlandskap på Hanasand i Rennesøy. Ekteparets lokalt foredla matprodukt byggjer på råvarer frå eigen gard, naturen og lokale bønder. Kvaliteten og breidda på deira produkt har gitt dei ein aukande kundekrins frå fjern og nær. Gamle mattradisjonar blir halde i hevd samstundes som ekteparet reiser rundt for å marknadsføre eigne produkt og for å hente inspirasjon til nye produkt. Dei tek imot besøkande som vil oppleve både kulturlandskapet og lokalprodusert mat på Rennesøy.
Oversiktsbilete av Hanasand Gård & Kjøkken, Foto: Stig Jakob Hanasand
Grishuset blei gardskafe
Trass i støtte frå Innovasjon Norge til etableringa av Hanasand Gårdsutsalg i 2009, opplevde dei mange år med raude rekneskapstal. Den negative trenden blei snudd i 2012 etter endringar i leveringsavtaler og satsing på nye produksjonslinjer. Det tomme grisehuset blei gjort om til ein triveleg gardskafe i 2013. Nå har ekteparet eit godt grunnlag og motivasjon for frisk satsing vidare.
Satsar på kvalitetsprodukt
Stig Jacob tek seg av gardsdrifta med sau og gartneriet, der det blant anna veks tomat, urter, staudar og sommarblomster. Monica har ansvar for drifta av gardskafeen og gardsbutikken. Dei har sidan 2013, fått mykje positiv omtale i mange media for pågangsmot og eit breitt utval av kvalitetsprodukt. Fleire av deira foredla matprodukt er blant kandidatane til å få prisen "Det norske måltid 2014".
Er med i "Utvalde kulturlandskap"
Hanasand Gård & Kjøkken si deltaking i satsinga på Utvaldte kulturlandskap frå 2014 av, opnar for ei god satsing på utvida næringsutvikling i dei utvalde kulturlandskapa på Rennesøy. Røsslyngen beitelag, som består av tre av grunneigarar som er med i Utvalde kulturlandskap, er blant leverandørane av råvarer og lokalt foredla produkt til Hanasand Gård & Kjøkken.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78