Stadig større og færre bruk med eggproduksjon i Rogaland
Det har vore ei ganske dramatisk endring i bruksstrukturen i eggproduksjonen dei siste åra. Talet på eggprodusentar går ned, og dei produsentane som er igjen blir større. Truleg har nye krav til burinnreiing verka inn på kor fort denne utviklinga har gått den siste tida.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå og med 01.01.2012 måtte alle eggprodusentar ha lausdrift eller miljøbur i si besetning. Dette kravet har ført til at mange produsentar anten har slutta, eller bygd nytt og større. Dei konsesjonsfrie grensene blei sist heva i 2004, og det er no mogleg å ha inntil 7 500 innsette høner. At bruka har blitt gradvis større etter denne endringa er ei naturleg utvikling, men tal henta frå søknad om produksjonstilskot viser at utviklinga mot færre og større bruk har gått raskare den siste tida fram mot 01.01.2012. Dette tyder på at dei nye krava har verka inn på utviklinga i bruksstruktur.
Figur 1. Oversikt over bruk med eggproduksjon. Grønt = 2012. Raude prikkar viser føretak som har slutta med verpehøns etter 2008.
Figur 1 viser fordeling av bruk med eggproduksjon i Rogaland i 2008 og 2012. Totalt har talet på eggprodusentar gått ned frå 224 i januar 2008 til foreløpig 153 i januar 2012. Samtidig har gjennomsnittleg tal høner pr. bruk gått opp frå under 4 900 i januar 2008 til opp mot 7 000 i januar 2012. Ser vi nærare på talet høner pr. bruk, viser statistikken at heile 48 % av produsentane som søkte produksjonstilskot i januar 2008 hadde eit tal høner på mellom 1001 - 5000. I januar 2010 var talet nede i 36 % ,og foreløpige tal for 2012 tyder på at talet no er nede i 10 %. Det er i dei to siste søknadsomgangane (august 2011 og januar 2012) at endringa har vore størst. Derfor er utviklinga svært tydeleg frå januar 2011 til januar 2012 (figur 2).
Det har i same periode vore ei auke i prosentdelen som har ein produksjon heilt opp til den konsesjonsfrie grensa (7001 – 7500 høner). I januar 2008 produserte berre 27 % av alle produsentane i dette intervallet, men talet har foreløpig stige til 61 % i januar 2012. Her er det og dei to siste søknadsomgangane som skil seg ut. Sjølv om prosentdelen har gått opp i andre intervall og er det berre i dette intervallet, 7001- 7500 høner pr. bruk, at talet på produsentar har gått opp.
Figur 2. Prosentvis inndeling av produsentar etter produksjonsstorleik i perioden 2008 - 2012. Produsentar med 100 høner eller mindre er ikkje teke inn i statistikken. Tala for januar 2012 er foreløpige.
Vi gjer merksam på at produsentar med 100 høner eller mindre ikkje er teke med i statistikken i denne artikkelen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13