Velkommen til Fagsamling i Ryfylke, 29. – 30. mai 2024

Tradisjonen tro arrangerer Statsforvaltaren i Rogaland fagsamling for landbruksforvaltninga i stat og kommune. Her blir vi betre kjent med andre med same jobb, og får fagleg påfyll. I år held vi oss i Ryfylke og overnattar på Ryfylke fjordhotell i Sand.

Nytt av året er at vi tar busstur med synfaring på dag 1, og fagleg innhald på dag 2.

Publisert 11.03.2024

Denne samlinga startar med busstur med besøk på garder i Ryfylke og mykje anna spennande, onsdag 29.mai. Det er planlagt to ulike bussturar som vil bestå av litt ulike tema. De kan velje ein av desse to turane. Begge bussturane avsluttar turen på Ryfylke fjordhotell i Suldal på ettermiddagen. Her blir det middag og overnatting. Torsdag 30. mai vil bestå av ei samling med fagleg innhald på Ryfylke fjordhotell.  

Program

Onsdag 29. mai

Dag 1 – Busstur

Det er planlagt to bussturar som du som deltar kan velje mellom. Turane har litt forskjellige tema og vil besøkje ulike stadar. Buss 1 vil ha avreise frå Stavanger Bussterminal, undervegs i bussen vil representantar frå kommunane me besøkjer fortelje om landbruket i sin kommune. Buss 2 vil ha avreise frå Sand sentrum/hurtigbåtkai. Meir detaljert program for turane kan du sjå under, og det vil kome meir informasjon etter kvart. Me tar atterhald om endringar i programmet.

Buss 1- Strand og Hjelmeland

Turleiar: Tonje Rostad Solhus frå statsforvaltaren, ein representant frå landbruksforvaltninga i Strand kommune og ein representant frå landbruksforvaltninga i Hjelmeland kommune

09:15   Avreise Stavanger Bussterminal

09:20   Køyrar innom Fiskepirterminalen og hentar dei som kjem med båt inn til Stavanger

Informasjon om landbruket i Strand på bussen frå Solbakk. Der serverast noko mat undervegs i bussen

10:15   Besøk hos Melhus Barkved, Strand kommune

            Tema: Trefjøs med mjølkeproduksjon

11:00   Besøk hos gardssag hos Magne Jakob Bjørheim, Strand kommune

            Tema: Gardssag med store dimensjoner og sau og hytteutleige

Informasjon om landbruket i Hjelmeland på bussen

12:30   Besøk hos Geirmund Helgøy på Helgøy, Hjelmeland kommune

            Tema: Frukt- og bærdyrking

14:00   Lunsj på Smaken av Ryfylke

            Tema: Informerer om smaken av Ryfylke

15:20    Besøk hos Apal Sider ved Dan Olav Sæbø, Hjelmeland kommune

            Tema: jordbruksproduksjon, næringsutvikling

17.20   Framkomst Ryfylke fjordhotell

Buss 2 – Suldal

Turleiar: Atle Aasberg Hellumbråten frå statsforvaltaren og ein representant frå landbruksforvaltninga i Suldal kommune

09:30   Avreise frå Sand sentrum - det går ein hurtigbåt kl 07.15 frå Stavanger for de sprekaste frå sør, der buss frå Jelsa er i Sand til turen startar (Anfinn vil omtale alle øyar frå båten). 

09:45   Suldalsføret – Ritlandsneset. Besøk hos Ole Martin Eikeland, 

Tema: Mjølkproduksjon, ombygging, gardssag, og kulturminner

11:00  Hestekatedralen. Besøk hos Mina og Njål Lunde

Tema: Landbruksbyggninger i tre

12: 15  Hamrabø - Bjørkebes gard. Besøk hos Marit og Jarle Tveit

Tema: UKL-område. Tildelt Olavrosa - Norsk Kulturarv frå 2022

Lunsj på Hamrabø. Lunsj frå Enerhihotellet med lokal mat og drikke

13:50   Våge, Besøk hos Helene og Lars Vaage

Tema: Honning, ved, sau, styvingstrær, kraftverk, vindkraft planar. Kanskje får du sjå korleis Englandskabelen ser ut?

15:30  Hanakamneset. Besøk hos Åse Marit og Rolf Henrik Tveit

Tema: Eldhus med bakeromn og produkt av utegangargris. Me får ein smak av baksten.

16:40   Framkomst Ryfylke fjordhotel

 

For at ikkje bussen frå sør blir for full, er det lagt opp til at dei fleste av dokke frå Haugalandet møter på Sand. Undervegs blir det servert god lunsj. Turen vil ta dykk igjennom mykje fint kulturlandskap i vakre Suldal.

Me håpar de vil bli med på denne turen som vil innehalde mykje spennande

Fellesdel på kvelden

19:00   Felles middag på Ryfylke fjordhotell

Torsdag 30. mai

Dag 2 vil bestå av fagleg innlegg, program for dagen kan du sjå under. Me tar atterhald om endringar i programmet.

Dag 2 – Fagleg innhald

08:30 - 09:00  Velkommen og nytt frå landbrukspolitisk ved Monica Dahlmo

Tilskot og miljø

09:00 - 09:50  Kantsoner krav og oppfølging. Produksjonstilskot og inngrep i kulturlandskap og avkorting etter §4

09:50 - 10:10  Pause

Areal og eigedom

10:10 - 11:00  Eksempelsaker deling, konsesjon, bruksstruktur, pris, AS ved Malene Hassel Sørensen, Helene Medhus Skedsmo, Aurora Skimmeland og Rune Lian

11:00 - 12:00  Lunsj 

Skog

12:00 - 12:50  Skog og nye regler ved Stein Bomo og Atle Aasberg Hellumbråten

12:50 - 13:10  Pause

Næringsutvikling

13:10 - 14:00  Innovasjon Norge kommer

14:00 – 14:10 Avslutning av samlingen 

14:45   Hurtigbåt tilbake til Stavanger

 

For å melde deg på årest fagsamling i Ryfylke klikk her

Vil du delta på årest fagsamling, må du melde deg på innan påmeldingsfristen tirsdag 2. april. 

Har du spørsmål eller innspel til fagsamlinga så kan du ta kontakt. 

Priser

  • Full konferansepakke enkeltrom – kr 4 000,00
  • Full konferanse dobbeltrom pr. person - kr 3 200,00
  • Dagpakke dag 1 - kr 1 800,00
  • Dagpakke dag 2 - kr 1 000,00
  • Middag 29.mai - kr 1 000,00
  • Dagpakke dag 1 + middag – 2 800,00
  • Dagpakke dag 2 + middag – 2 000,00

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.