Måndag 27. januar blir det to stormøte om landbruk
Landbruks-og matminister Geir Pollestad kjem til Rogaland for å delta på to stormøte om landbruk. Først ut er Tysvær, og seinare på kvelden er det tradisjonen tro klart for Varhaugmøtet.
Publisert 14.01.2025
«Stolt bonde med tru på framtida» er tema i Tysvær
Korleis skapar me ein attraktiv og berekraftig framtid for landbruket? På årets Landbrukskonferanse samlar me unge bønder, politikarar og nøkkelpersonar som har visjonar for ei næring i utvikling. Konferansen er kl 09.30-14.30 på Tysværtunet. For meir informasjon og påmelding sjå heimesida til Haugaland vekst: Landbrukskonferansen 2025: "Stolt bonde med tru på framtida" - Haugaland Vekst
Stormøte på Varhaug
Møtet finn stad i idrettshallen, og det er inga påmelding.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13