Hugs søknadsfristen 15. oktober
Dette er fristen for å levere andre del av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2019. Både planteprodusentar og husdyrprodusentar kan levere søknad i oktober.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Du kan levera søknaden elektronisk ved å logge deg inn via Altinn. Etter at du har levert søknaden kan du endre opplysningane i søknaden fram til og med 29. oktober. Ver nøye med å føre inn korrekte opplysningar i søknaden. Det kan vere lurt å be om kvittering på levert søknad.
Driftssenter
I Landbruksregisteret blir kvart føretak registrert med eit driftssenter med kartfesting på eit gitt gards- og bruksnummer. Plassering av driftssenteret avgjer kva for kommune som skal behandle søknaden. Det er viktig at føretaket er registrert med rett driftssenter då ein del tilskot har ulike satsar for ulike geografiske områder. Alle husdyrprodusentar må i søknaden svare på om føretaket er registrert med rett driftssenter. For dei som har husdyr er driftssenteret knytt til den driftsbygningen der husdyrproduksjonen går føre seg. Dersom ein har produksjon i ulike bygg eller på fleire stader, skal driftssenteret vere på den bygningen der den største delen av føretaket sin omsetnad frå husdyrproduksjonen går føre seg. Les meir om dette i rettleiaren under kapittel 5.11.4.
Avløysartilskot
Dersom du skal søke på avløysartilskot må du hugse på å krysse av for dette i søknaden. Dersom du ikkje har hatt utgifter til avløysing før 15. oktober, men reknar med å få utgifter i løpet av året må du også krysse av i søknaden. Då kan du etterregistrere utgiftene seinast 10. januar 2020.
Du må også fylle ut tal dyr du disponerte på teljedatoen 1. oktober. Det er gjennomsnittet av dyretalet du har disponert og ført opp i søknaden 1. mars og 1. oktober som gir grunnlaget for kor mykje du kan få refundert av avløysarutgifter.
Krav om vanleg jordbruksproduksjon
Dyra du fører opp i søknaden må oppfylle kravet til vanleg jordbruksproduksjon. Det betyr mellom anna at det blir stilt visse krav til avdråtten.
Hausting av kornplanter til fôr – heilsæd
Kornplanter som blir hausta og lagt i silo/rundballar skal førast opp i kode 213 Andre grovfôrvekstar til fôr. Det skal ikkje førast opp som korn, sjølv om det blir hausta så å sei mogent.
Kryss av for å bli minna om fristen for etterregistrering
Før du sender inn søknaden må du svare på om du ønskjer å få ei påminning om fristen for etterregistrering 10. januar. Du vil berre få påminninga om fristen dersom du svarar «ja» på dette spørsmålet. Påminninga vil bli sendt ut på SMS og/eller e-post.
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen om du har spørsmål til utfylling av søknadsskjema.