Endringar i ordninga tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel
Nye satsar for tilskot til avløysing ved sjukdom, fødsel med meir vil gjelda frå 1. januar 2025. Perioden du kan søkja om tilskot til avløysing ved sjukdom blir forlengja.
Gardbrukarar kan få tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap, fødsel, sjuke barn med meir. I jordbruksforhandlingane 2024 blei partane einige om å auka satsane for slik avløysing. Dei nye satsane vil gjelda frå 1. januar 2025.
Tilskotsgrunnlaget for berekning av avløysing er basert på type produksjon og storleiken på produksjonen. Sjå tabellen klipt frå Jordbruksavtalen 2024-2025, for maksimal dagsats for ulike tilskotsgrunnlag. Høgaste dagsats for tilskotet er 2600 kroner frå og med januar.
Nye reglar for lengda på avløysingsperioden for sjukdom
Tidlegare har gardbrukaren fått tilskot til avløysing ved sjukdom for maksimalt 365 dagar i løpet av tre år. Dette blir no auka til maksimalt 425 dagar i løpet av ein periode på tre år. Teljing av dagar tek til på nytt dersom det går 26 samanhengande veker sidan sist dag det blei utbetalt tilskot til slik avløysing.
I overgangen til nye reglar skal dette praktiserast slik:
- Dersom dag 365 av ein periode med tilskot fell på 1. januar 2025 eller seinare, vil dei nye reglane gjelda. Gardbrukaren kan då få forlenga perioden med tilskot, slik at han/ho får ytterlegare 60 dagar med tilskot i løpet av ein treårs periode.
- Dersom dag 365 av perioden med tilskot fell på 31. desember 2024 eller tidlegare, vil gamle reglar gjelda. Då må gardbrukaren gå gjennom karensperioden på 26 veker før han/ho igjen kan søkja om tilskot til slik avløysing.