ConocoPhillips Skandinavia AS søker Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova
Fylkesmannen har motteke søknad frå ConocoPhillips Skandinavia AS om løyve etter forureiningslova til mellomlager for farleg avfall.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.01.2014
Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn i Sola kommune, Rådhuset i Rådhusvegen 21, og på Fylkesmannen si internettside www.fylkesmannen.no/rogaland, sjå «Høyringar» under "Snarvegar" som du finner på hovedsida til nettstaden.
Moglege merknader til søknaden kan sendast fmropost@fylkesmannen.no eller Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, innan fire veker frå kunngjeringa.