Endra løyve til Marine Harvest Norway AS
Fylkesmannen har gitt nytt løyve til Marine Harvest Norway AS avd. Industri (Ryfisk) sitt lakseslakteri på Hundsnes i Hjelmeland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Årleg produksjonsramme er auka frå 48.000 til 95.000 tonn sløyd/filetert laks. Løyvet av 26.11.2014 erstatter løyve av 29.11.2006.
Det nye løyvet erstatter også løyve datert 08.06.1994 til Marine Harvest Ingredients AS (Rygro) for produksjon av lakseolje og lakseprotein.
Løyvet er gitt med avgrensingar/vilkår og er utforma i samsvar med EUs Rådsdirektiv 91/61 EF om integrert førebygging og avgrensing av forureining (IPPC-direktivet).
Sjå løyve i dokumentlenka til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.