Endring av løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Fylkesmannen har endra løyve til Statens vegvesen Region vest (SVV) av 08.08.2013 til utfylling i sjø ved Kuneset på Hundvåg i Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2014

Fylkesmannen har 16.05.2014 etter søknad endra løyve til SVV til utfylling i sjø for bygging av kai. Endringa gjeld vilkår om overvaking av partikkelspreiing frå arbeida.

Sjå vedtaket om endring og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.