Etterhandskunngjering av endra løyve til Skretting AS avd. Stavanger

Fylkesmannen har endra løyvet til Skretting AS avd. Stavanger for produksjon av fiskefôr ved verksemda sitt anlegg i Hillevåg 21/1008 Stavanger.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2018

Verksemda sin årlege produksjonsramme på 180.000 tonn fiskefôr er ikkje endra i høve til løyet gitt 25.5.2008.

Nytt løyve er ei tilpassing til nyare endringar i miljøregelverket, inkludert rettleiar for handsaming av luktutslepp i løye etter forureiningslova og implentering av EU sitt industridirektiv (IED) i norsk regelverk.

Grenseverdien for luktkonsentrasjonen ved nabohus er endra frå dansk metodikk og lukteining (LE) til  europeisk lukteining (OUE) og vilkår tilrådd i  Miljødirektorates rettleiar TA3019 Regulering av luktutslipp i tillatelser etter forurensningsloven.

Dei nye luktkrava er sett identisk med tilsvarande krav i løyvet til naboverksemda Felleskjøpet Rogaland Agder gitt 22.4.2014, og innebærer ingen endring av tillatt luktnivå. Løyvet stilles samstundes nye krav til oppfølging av lukthendingar.

Endringane medfører ikkje nye eller auka utslepp til ytre miljø.

Fylkesmannen har derfor vurdert det tilstrekkeleg å etterkunngjere løyvet.  

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no 

Sjå løyve og saksdokumentar som ligg vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.