Løyve til Eigersund Næring og Havn KF for arbeid i sjø
Fylkesmannen har etter søknad gitt Eigersund Næring og Havn KF løyve til arbeid i sjø ved Kongsteinsanlegget i Eigersund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyve omfattar mudring av ca. 2 500 kubikkmeter sjøbotnsediment og utfylling med ca. 5 400 kubikkmeter sprengstein.
Me sett krav om bruk av siltgardin for å hindre spreiing av forureina sediment og oppsamling av eventuelt plastavfall, og arbeidet er avgrensa i tid av omsyn til anadrom fisk frå Bjerkreimsvassdraget.
Sjå løyve i dokumentvedlegg til denne nettsaka.
Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.