Løyve til mudring i Båtstad småbåthamn i Risavika
Sola kommune har fått løyve til mudring i sjø i Båtstad småbåthamn i Risavika i Sola kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet er gitt i samband med vedlikehaldsarbeid i hamna. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Sola kommune løyve til mudring i sjø i Båtstad småbåthamn i Risavika.
I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, blant anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og at det setjast i verk tiltak for å hindre skadar på miljøet som følgje av arbeida i sjø.
I Båtstad småbåthamn har det over tid skjedd ei opphoping av sediment innerst i hamna. Som resultat er djupna redusert vesentleg i dette området. For å få tilbake tilstrekkeleg djupne for båtane vil det vere naudsamt å grave i sjø.
Løyvet omfattar mudring av 2000 m3 massar. Tiltaket vil dekke eit areal på om lag 500 m2 på botnen.
Sjå søknadsdokumenta i lenkene til høgre.