Løyve til Norsea Ekofiskvegen AS til mudring i sjø ved Risavika
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til mudring i sjø ved eigendommane 5/545 og 6/364 i Sola kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Norsea Ekofiskvegen AS utbetra kaien ved Risavika og har tidlegare fått løyve til setting av ei spuntvegg og utfylling i sjø. Den nye løyvet gjeld mudring av ca. 4000 kubikkmeter sjøbotnsediment for å auke sjødjup ved kaien. Området er forureina og det er i løyve sett krav til bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forureina sediment. Fylkesmannen har også sett krav til handtering av mudringsmassane.
Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.