Løyve til utfylling ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy kommune
Marine Aluminium Industrier AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy. Løyvet er gitt i samband med utviding av kaiareal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Marine Aluminium Industrier AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy kommune. Løyvet er gitt i samband med at verksemda skal utvide kaiarealet. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Marine Aluminium Industrier AS løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug.
I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, blant anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og at det setjast i verk tiltak for å hindre skadar på miljøet som følgje av arbeida i sjø.
Marine Aluminium AS har behov for eit større kaiareal blant anna for å laste/losse offshoreinstallasjonar og for å få ein kai med ein stor nok djupne til at større båtar kan legga til. Arbeidet med utvidinga av kaien gjer det naudsynt og fylle ut med sprengstein i sjø.
Løyvet omfattar utfylling av 25 000 m3 steinmassar. Samla vil tiltaket dekke eit areal på omlag 6 000 m2 på botnen.