Ny miljørettleiar for pukkverk
Miljødirektoratet har nettopp produsert ein miljørettleiar for pukkverk. Rettleiaren er retta mot produsentar, konsulentar og styresmakter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 28.11.2018
Rettleiaren gir informasjon og tolkning av dei ulike krava i forureiningslov, forureiningsforskrift, avfallsforskrift og internkontrollforskrift som gjeld for produksjon av pukk, grus, sand og singel.
Sjå rettleiar i dokumentlenka.