Nytt løyve til Fatland Ølen AS i tråd med IED

Statsforvaltaren vedtar nytt revidert løyve til Fatland Ølen AS i tråd med industriutsleppsdirektivet (IED), inkludert midlertidig unntak frå BAT-AEL.

Publisert 16.01.2025

Statsforvaltaren gir nytt revidert løyve etter forureiningslova til slakteri og foredlingsverksemd på Fatland Ølen AS, i Ølen, Vindafjord kommune. Det blir også gitt unntak på 4 år frå krava som gjeld utslepp til vatn, BAT-AEL.

Løyve med vilkåra ligg vedlagt. Verksemda og andre med rettsleg klageinteresse kan klaga på vedtaket innan 3 veker. Ein eventuell klage sendast Statsforvaltaren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.