Rogaland Pelsdyrfôrlag SA har fått nytt løyve til produksjon av pelsdyrfôr
Fylkesmannen har gitt Rogaland Pelsdyrfôrlag SA nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld produksjon av pelsdyrfôr ved prosessanlegget i Sirevåg i Hå kommune. Prosessavlaupet er kopla til offentleg avlaupsanlegg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er satt vilkår etter forureiningslova §16. Vilkåra i løyvet er også bestemt av Rådsdirektiv 96/61/EF av 24. september 1996 (IPPC-direktivet) som omhandlar integrert førebygging og avgrensing av forureining, jf. artikkel 1 og artikkel 2, pkt. 3. Direktivet er implementert i norsk lovgjeving gjennom EØS-avtalen.
Løyvet gjeld ein årleg produksjon på inntil 40 000 tonn.
Prosessavlaupet, saman med sanitært avløpsvatn, er kopla til offentleg avlaupsanlegg. Avlaupet blir reinsa i eige reinseanlegg med sil, filterbånd og fettavskjillar, før det blir ført til kommunalt avlaupsnett og sluttreinsa i mekanisk reinseanlegg IVAR IKS driv. Utsleppet frå dette reinseanlegget skjer om 150 meter frå land og på 20 meters djup.
Vedtak, løyve med vilkår og saksutgreiinga kan du sjå ved å nytte dokumentlenkene til høgre.