Søknad om utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet
Statnett SF søkjer om løyve til utfylling ved Strandanes i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til utfylling ved Strandanes i Suldal kommune. I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF overskotsmassar som dei ynskjer å nytta til samfunnsmessige føremål.
Ved bruk av massar frå sprenging av tunnel mellom Suldalsvatnet og Hylsfjorden, skal det etablerast ei fylling ved Strandanes. Aust i tiltaksområdet skal det etablerast ein kaifront som skal nyttast av Statnett i anleggsperioden, og som kan disponerast av Statnett og andre i driftsfasen.
Tiltaket kan føra til spreiing av forureina sediment, og det kan derfor i eit eventuelt løyve bli stilt vilkår om at søkar må iverksetta tiltak for å hindra partikkelspreiing. For å ta hensyn til fisk under sprengingsarbeider, kan det bli aktuelt å setja vilkår om kva tid på året sprengingsarbeider kan utførast.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.