Trekkjer avvik om reinseanlegg for dagsonevatn
Tilbakemeldingen frå Statens vegvesen førte til at Fylkesmannen har trekt to avvik i rapportar etter kontroll av anleggsarbeida med Ryfast på Buøy og Hundvåg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Etter ikkje-varsla kontroll 23.10.2014 ved Statens vegvesen sine anleggsarbeid på Buøy og Hundvåg i Stavanger kommune, sendte Fylkesmannen utkast til tre kontrollrapportar til Statens vegvesen.
Tilbakemelding frå Statens vegvesen fører til at Fylkesmannen trekk to avvik som gjeld handtering av dagsonevatn.
Dei tre kontrollrapportane er nå endelege; to av rapportane er endra i høve til handtering av dagsonevatn.
Tilsaman er det dermed fastsett fem avvik fordelt på tre løyve/kontrollrapportar etter kontrollen.