Endra løyve etter forureiningslova Bøvågen i Karmøy
Fylkesmannen har endra løyve 06.04.2017 til Karmøy kommune til graving/mudring i sjø for ny avløpsleidning Bøvågen til Salhus i Karmøy kommune
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.06.2019
Fylkesmannen har 20.06.2019 etter søknad frå kommunen, endra løyve til Karmøy kommune til arbeid i sjø. Endringa gjeld vilkår 9 i løyvet der det er gitt forlenga gyldigheitsfrist på 2 år.
Sjå tidlegare løyve, vedtak og søknaden frå Karmøy kommune i dokumentlenkene.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.