Endra løyve til plassering av West Epsilon
Westcon Yards AS i Ølsvågen, Vindafjord, har fått endra løyve til plassering av oppjekkbar rigg på sjøbotnen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen ga 13.10.2016 etter søknad løyve etter forureiningslova til Westcon Yards AS til tidsavgrensa plassering av den oppjekkbare riggen «West Epsilon» på definert posisjon på sjøbotnen innst i Ølsvågen. Løyvet gjeld fram til 1. november 2017.
Riggen blei ved ankomst plassert på ein annan posisjon enn omsøkt, ved Lundeneset. Fylkesmannen har etter søknad endra det tidsavgrensa løyvet slik at det samsvarer med den faktiske posisjonen til riggen.
Vedtaket om endring av løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.