Endra løyve til Nedre Vågen 9 AS
Fylkesmannen har etter søknad frå Nedre Vågen 9 AS endra løyvet av 14.10.2014 til arbeider i sjø ved Galeivågen, Hundvåg i Stavanger kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.05.2015
Med heimel i forureiningslova § 18 endra Fylkesmannen løyvet til mudring i sjø på eigedomen gnr. 7 bnr. 92 i Galeivågen, Hundvåg i Stavanger kommune. I staden for at tiltakshavar leverte oppmudra massar til godkjent deponi på land, var det ynskjeleg å dekke til sjøbunnen med pukk.
Løyvet omfattar no at sjøbunnen skal tildekkast med fiberduk og 50 cm pukk/singel etter arbeidet er ferdige.
Sjå søknadsdokument og endra løyve i lenkene til høgre.