Etterhandskunngjering av endra løyve til Stavangerregionen Havn IKS
Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til arbeid i sjø på eigedomane 51/52 og 88 i Randberg kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stavangerregionen Havn IKS ønsket vilkår som gjeld tidsavgrensing av hensyn til gytetida for sild (juli-september) oppheva på bakgrunn av at pelearbeid med boring er mindre forstyrrande enn peleramming, samt at det er rapportert at sildepopulasjon i Byfjorden er redusert. Fylkesmannen har vurdert at tidsavgrensing kan opphevast og har endra vilkår i løyve.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og endringa i vedlegget til denne nettsaka.