Etterhandskunngjering av løyve til peling i sjø ved Melingsund moloen i Tananger
Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havn IKS løyve til peling i sjø på eigedomen 3/1279 Melingsund moloen, Tananger i Sola kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyve gjeld nedsetting av totalt 38 pelar langs moloen mellom Tangen og Melingsholmen. Tiltakshavar planlegg å riva det eksisterande bryggeanlegget langs moloen. Det skal byggjast eit nytt liknande anlegg som vil fundamenterast på pelar. Ifølgje Temakart-Rogaland er det registrert enkelte større tareskogførekomstar med verdi A («svært viktig») i og nær tiltaksområdet, desse har likevel ein avgrensa storleik. Verdien av dei er sett ut frå det samla arealet av alle dei større tareskogførekomstane i Kolnes-Tananger, og dessutan overlapping med eit lokalt viktig gytefelt for torsk.
I løyve er det blant anna sett krav om siltgardin for å hindra partikkelspreiing.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og søknad i høgremargen.