Etterhandskunngjering løyve til utfylling i sjø ved Hovland i Eigersund kommune

Fylkesmannen har etter søknad gitt Bertelsen og Garpestad løyve til utfylling i sjø ved eigedommen 8/232, Hovland i Eigersund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2017

Fylkesmannen har gitt løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 3377 m3 reine sprengsteinmassar som vil dekkje eit sjøbotnareal på ca. 1285 m2.

Tiltakshavar skal fyrst etablera ein ytre steinbarriere for å stengje av utfyllingsområdet. Deretter vil det bli fylt ut innanfor steinbarrieren. For å hindra spreiing av potensielt forureina sediment under arbeidet er det også satt krav om å nytta siltgardin. Det er vidare satt krav til støy, internkontroll og verneplan m.m.

Eventuelle klagar kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Klagefrist er sett til 3 veker.

Sjø løyve og søknad i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.